bilde

Hello Norway

ForfatterbildeMEV USER
Publisert:03 desember 2021
Oppdatert:08 desember 2022

Han har sjølv sett ho i brunauget, så rektor Kjell Skaaheim ved Førde ungdomsskule veit kva han snakkar om. Onsdag føremiddag inspiserte han skåpa på det splitter nye skulekjøkkenet og der titta ei lita mus fram i eit endå mindre sekund. Akkurat som før oppussinga.

-Det er ein evig kamp mot maur og mus, sukkar skulekjøkkenlærar Elin Eimhjellen.

Musa var det første som møtte ho då ho byrja ved skulekjøkkenet for seks år sidan. Og seinast onsdag føremiddag plukka ho ein liten gråpels ut av ei felle med fleskebit i.

Den siste veka har ho faktisk fanga fire mus i lokala til skulekjøkkenet.

Eimhjellen løftar opp den siste fangsten frå bosspannet:

-Eg er ikkje redd for mus, men eg likar ikkje å finne dei i matskåpet. Dei fann fram til ei korg med nøtter, og då eg opna skåpet i dag tidleg låg dei nedi korga og kosa seg.I tørrvareskåpa

Denne veka er det ingen elevar som brukar skulekjøkkenet; berre teori står på timeplanen.

Men Eimhjellen og rektor Skaaheim viser fram tørrvareskåpet der musene oftast dukkar opp.

Innanfor dørene står maten i krukker og hardplast-boksar - noko anna er ikkje å tilrå med dei små grå på stadige visittar.

-Kjøkkenet er splitter nytt, det er berre desse tørrvareskåpa som ikkje vart bytta ut, seier Eimhjellen.

Skaaheim fortel at oppussinga, inkludert fornying av elektrisk- og røyranlegg, kom på ein halv million kroner. Og han hadde håpa at det skulle vere nok.

Men musenaturen går sin gang. Oppå tørrvareskåpet, og inne på einskilde av hyllene, ligg små lortar som tydelege prov på at plassen kunne ha trong for ein katt.Katten gøymde seg

-Sjå, der er det ei igjen.

Rektoren peikar mot toppen av skåpet, og fotografen klatrar opp på ein stol i håp om å kunne forevige den vesle røvaren.

Men opninga mellom skåpet og taket er berre eit par centimeter høg, så musa har godt skjul i mørkret.

-Eg får bruke resten av denne veka på å flytte fram skåpet med hjelp frå vaktmeisteren, seier Eimhjellen.

Ho har hatt med katten sin på skulen ein gong, men den likte seg tydelegvis ikkje og gøymde seg til slutt i eit større hol i veggen.

-Det er no så mange opningar og så mykje trafikk her på skulen, seier Skaaheim.

Han reknar med at ein må til med giftutlegging fleire gonger dette året. Den vesle boksen med høgfrekvente skremmelydar som står inne på skulekjøkkenet, kan berre bli ståande.

-Det er visst som med myggolje. Det verkar ikkje lenge, seier rektoren.